Arbeidsrett
Både arbeidstakarar og arbeidsgjevarar kan ha behov for advokatbistand i samband med oppseiing, avskjed, omstrukturering eller andre endringar i arbeidstilhøvet. Reglane for forhandlingar, varsling og oppseiing er detaljerte og viktig å halde. Tilsette og deira kompetanse er den viktigaste ressursen for dei fleste verksemder.
Nøgde tilsette er eit viktig konkurransefortrinn. God og rett personalhandsaming vil bidra til å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø, og er difor ein viktig suksessfaktor for dei aller fleste verksemder. Motsett vil mangelfull og tilfeldig personalhandsaming kunne skape grunnlag for konfliktar, og det vil gå utover verksemda si produktivitet og lønnsemd.
Når konflikt, mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar er eit faktum, er juridisk rettleiing ofte avgjerande for utfallet av konflikten. Advokat A. Økland legg særlig vekt på juridisk bistand som kan redusere konfliktnivået, og hindre seinare konfliktar. I denne fasen er arbeidsgjevar si sakshandsaming svært viktig. Advokat A. Økland har lang erfaring med prosedyre av arbeidsrettsaker.