Få juridisk hjelp innan arverett og skifte
Har du behov for juridisk bistand med saker som omhandlar arverett og skifte? Advokat A. Økland har lang erfaring med konfliktar, testament og andre tvistar.
Arverett og skifte
Med stadig meir kompliserte familietilhøve blir òg arvespørsmåla meir innfløkte. Det kan lett oppstå interessemotsetningar mellom gjenlevande ektemake/sambuar og avdødes barn frå tidlegare ekteskap/sambuarskap.
Like eins er det ofte konfliktar mellom arvingar om gåver eller lån som foreldra kan ha gitt til enkelte barn. Ordninga med uskiftet bo gir også opphav til tvistar.
Testament og/eller sambuaravtalar. Det kan i mange tilfeller hindra framtidige tvistar.
Advokat Ask Økland bidreg med oppretting av testament og sambuaravtalar og bidreg i alle typar arvetvistar.